(Legger ut et leserinnlegg jeg hadde på trykk i lokalavisa i midten av desember. På nynorsk, selvsagt.)

Torsdag førre veke sette Julie Arnfred Bojesen frå Sauda, Hallvard Hotvedt frå Sand og eg sjølv kursen mot København saman med Sosialistisk Ungdom. Me reiste for å markere solidaritet med dei som vert ramma av klimaendringane, og for å kjempe for ei betre klimaavtale.

Frå 7. Til 19. Desember 2009 vert toppmøtet til FN sin klimakonferanse, og kalla COP15, heldt i København. Ein vonar her å kome fram til ein ny internasjonal avtale om kutt i klimagassutslepp. Aktivistar og miljøvernarar frå heile verda strauma til byen for å presse forhandlarane til å verte samde om ein ambisiøs og omfattande klimaavtale. Under slagorda «Internasjonal Solidaritet – vi har bare én planet» og «System Change – not Climate change» gjekk me 6 km frå Christiansborg Slotsplads til Bella Center saman med over 100.000 andre. Dette vanvittige oppmøtet syner at miljøengasjementet verda over aukar, og folk byrjar å innsjå at det er no det gjeld.

I dag vonar mange å få til ein klimaavtale som stoggar den globale temperaturaukinga på 2 grader. Viss me får til dette «målet», vil fleire av verdas små øystatar og nasjonar allereie vere under havoverflata. Dette gjeld til dømes Haiti og Maldivene. Befolkninga i desse områda vil måtte evakuere, noko dei ikkje har store forutsetningar for å klare. Allereie finst det fleire klimaflyktningar i verda enn det finst menneskje som flyktar frå krig og konfliktar. Dess meir me forureinar, dess fleire flyktningar vil det verte, både i verda generelt, og i Suldal og Sauda.
Framleis er det lite som tyder på at landa vil kome fram til ein avtale på desse 2 gradene. Likevel er altså den beste klimaavtalen me kan vone på, ein avtale som utan vidare vil føre til døden for fleire tusen menneskje.
I tillegg ser vi at naturen i Noreg vert ramma av resultata av klimaendringane. Til dømes veit vi at fjellreven vil døy ut innan få år som eit resultat av den rovdrifta menneske har drive på naturen.
Mange seier at klimaendringane berre er naturlege svingningar i klimaet i verda. Men fakta er at forskning viser at 2009 har vore det varmaste året i Afrika som kontinent nokon sinne. Korleis nokon kan kalle det naturlege svingningar, er utafor mi fatteevne.

Eit av dei viktigaste slagorda me i SU gjekk under var som sagt «System Change – not Climate change», av di me ikkje trur ein kan løyse problem med dei same midla som ein skapte dei med. Me må derimot løyse klimakrisa ved å tenkte på menneskje, internasjonal solidaritet og planeten vår, ikkje profitt. Difor markerte me i Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom vårt engasjement i København sist laurdag.

52 medlem av SU reiste saman med oss. Det var svært stor fokus på tryggleik under demonstrasjonen, og det er viktig å hugse på at dei 968 som vart anholdt i flg. Media, utgjer under ein prosentandel av dei som tok del i denne klimamarsjen, og fleirtalet av dei var utan skuld. Mange konsentrerar seg om det vesle bråket som var, i staden for dei over 99.100 menneskja som samla seg for fredeleg å markere at dei ser på klimaproblematikken som eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid.
Dette er ikkje lenger ein diskusjon om klimaendringane er menneskeskapte eller ikkje. Dette er ein kamp for å overleve.

Carina Ingeborg Tangeraas
Organisatorisk leiar Indre Ryfylke Sosialistisk Ungdom

This entry was posted on Tuesday, January 5th, 2010 at 5:34 pm and is filed under Miljø&Klima, Politikk. You can leave a comment and follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed.

  1. Beate 18 January 2010 at 17:23 #

    beklager for at jeg ikke kommenterer innlegget, har bare ikke tid nå!
    svar til din kommentar 12. januar på min blogg:
    Kos at du likte innlegget, alt jeg skrev der har jeg hentet fra bloggen grunnet min dårlige hukommelse, men når man ser det samlet får man et bedre inntrykk av personen ja, helt sikkert :)

  2. Ida Therese 26 January 2010 at 14:02 #

    Jeg har en utfordring til deg!
    http://rosapille.blogspot.com/2010/01/utfordring.html

Svar